FAQ

 

Ofte stilte spørsmål

 

 

Q. Hva er kiropraktikk?

 

 

Kiropraktikk er ein offentleg autorisert helseprofesjon som befattar seg med diagnostikk, behandling og førebygging av skadar, sjukdomar og plagar i muskel- og skjelettsystemet. Behandlinga er evidensbasert og utførast uten bruk av medikamtnt.

Q. Hva gjer ein kiropraktor?

 

 

Ein kiropraktor har sjølvstendig diagnose- og behandlaransvar. Dette betyr at du som pasient kan oppsøke ein kiropraktor utan tilvisning frå lege. Kiropraktoren diagnostiserar og behandlar skader, sjukdomar og plagar i muskel- og skjelettsystemet. Metodane som vert nytta er anerkjente i helsefagleg litteratur og har dokumentert* effekt for ei rekke ulike tilstandar.

Q. Kan kiropraktikk hjelpe for mine plager?

 

En kiropraktor har ei 5-årig mastergradsutdanning innan diagnose, behandling og førebygging av skadar, sjukdomar og plagar i muskel- og skjelettsystemet. Utdanninga gjev ei innføring i grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter for å kunne arbeide som kiropraktor. Studiene legg også vekt på sjølvstende og evne til vitskapleg tenking, samt naudsynte haldningar og ferdigheiter for livslang læring. Med denne bakgrunnen er kiropraktorar godt rusta til å levere helsehjelp av god kvalitet. Metodene som vert nytta er evidensbaserte med forankring i dokumentert kunnskap. Under konsultasjonen vil kiropraktoren foreta sjukehistorie og klinisk undersøking saman med deg. Etter dette vil kiropraktoren kunne vurdere om du har behov for behandling eller om det vil være naudsynt å tilvise deg vidare til undersøkingar hos spesialist.

Q. Kor mange behandlinger er vanlig hos kiropraktor?

 

 

Tal på behandlingar hos kiropraktor kan variere ut ifrå ulike forhold som diagnose, kiropraktorens erfaring og dine preferansar som pasient. Kiropraktoren vil i samråd med deg avgjere innhald og lengde på behandlinga.

Q. Er kiropraktikk farlig?

 

 

Kiropraktikk regnast som ei trygg behandlingsform. Som ved einkvar form for helsehjelp kan det likevel oppstå biverknadar. Desse kan være ei kjensle av å være sår eller stiv i ledd og muskulatur, hovudverk og svimmelheit. I svært få tilfeller er det rapportert om alvorlege biverknadar i samanheng med behandling hos kiropraktor. Alle kiropraktorar er bunde til helsepersonellovens forsvarlighetsprinsipp.

Q. Kva skyldast ”knekkelyden”?

 

 

Ved utføring av kiropraktorenes manipulasjonsgrep kan det ofte høyrast ein karakteristisk ”knekkelyd”. Lyden kjem av små luftbobler som vert danna og frigjerast fra leddet i forbindelse med behandlinga.

Q. Dekker trygda behandling hos kiropraktor?

 

 

Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) yter stønad til behandlingsutgifter hos kiropraktor. Kiropraktorane fastset sjølv pris på sine tenester, og stønaden vil derfor normalt berre dekke ein begrensa del av dei totale kostnadane.

 

Behandling hos kiropraktor omfattast ikkje av noken av frikortordningane.

Q. Kan kiropraktorar sjukmelde?

 

 

Kiropraktorar kan sjukmelde med inntil 12 veker. Kiropraktorar er på lik linje med anna helsepersonell bunde til arbeidsmiljølovens og folketrygdlovens krav om oppfølging av sjukmeldte.

Q. Kan kiropraktor tilvise til røntgen og MR?

 

 

Kiropraktorer kan tilvise til bildediagnostiske undersøkingar som røntgen, MR og CT dersom dette er naudsynt.

Q. Treng eg tilvising for å kome til kiropraktor?

 

Kiropraktorar er primærkontakter med sjølvstendig diagnose- og behandlingsansvar. Dette betyr at du som pasient kan oppsøke kiropraktor direkte utan tilvisning frå lege.

Q. Kan eg få ”slark” i ledda av manipulasjonsbehandling?

 

 

Nei. Manipulasjonsbehandling er ei skånsam behandlingsform og vil på ingen måte påvirke leddets normale struktur og funksjon.

Bestill time

 

Akutt

 

Torvmyrane 11 B

6160 Hovdebygda

 

Opningstider:

08:00 - 16:00 (Kvardagar)