Kiropraktikk

 

Kiropraktikk

 

Ein kiropraktor er offentleg autorisert helsepersonell med sjølvstendig diagnose- og behandlaransvar. Kiropraktoren fungerer som primærkontakt i førstelinjetjenesta, og har spisskompetanse på muskel- og skjelettlidelser.

 

Gjennom den 5-årige mastergradsutdanninga som ligg til grunn for at ein kan bli autorisert kiropraktor i Norge, tilegner kiropraktoren seg kunnskap som gir han ferdigheiter og kompetanse til å utrede og behandle dei aller fleste plager i muskel- og skjelettsystemet hos pasientar i alle aldersgrupper.

 

Fagutøvinga bygger på ei vitskapleg forståing og breid teoretisk innsikt om hvilke årsaker som ligg til grunn for sjukdom og skade. Slik sett står kiropraktoren svært godt rusta til å kunne gje ei presis diagnose og målretta behandling.

 

Kiropraktorer kan:

 

Utføre undersøking og behandling med refusjon utan tilvisning frå lege

Tilvise pasientar vidare til legespesialist, fysioterapi eller biletdiagnostisk undersøking som røntgen, MR, CT og ultralyd

Sjukmelde pasientar i opptil 12 veker

Kiropraktorar diagnostiserer og behandler muskel- og skjelettlidelsar, inkludert:

 

Smerter i korsrygg, nakke og midtrygg (mellom skulderblada)

Smerter i skulder, alboge og handledd

Smerter i bekken, hofte, kne, ankel og fot

Skiveprolaps

Hovudverk (med årsak i musklar og ledd)

Kjeveleddsmerter (TMD)

Svimmelheit (med årsak i musklar og ledd)

Idrettsskadar

Revmatisk sjukdom (ikkje-medikamentell)

Behandlinga som gis av ein kiropraktor kan bestå av fleire element som informasjon og rådgjeving, manuell behandling, og treningsøvingar og rehabilitering. I tillegg vil det bli lagt spesiell vekt på førebygging, av enten nye eller gjentagande plager. Målet med behandlinga vil i dei aller fleste tilfelle være smertelindring og auka funksjonsnivå på kort og lang sikt.

 

Ved kroniske smertetilstandar kan kiropraktoren skreddersy eit behandlingsopplegg som gjer pasienten i best mulig stand til å leve eit godt liv på tross av plagene. Kor mykje behandling ein treng avgjer kiropraktoren i samråd med pasienten.

 

På bakgrunn av informasjonen du har gitt i sjukehistoria, den kliniske undersøkinga og eventuelle biletdiagnostiske funn vil kiropraktoren stille ei diagnose og igangsette ei individuelt tilpassa behandling for deg. Behandlinga du får kan bestå av fleire element som informasjon og rådgjeving, manuell behandling, treningsøvingar og rehabilitering, samt tiltak og råd om forebygging. Målet med behandlinga er at du som pasient opplever smertelindring og auka funksjonsnivå på kort og lang sikt. I noen tilfeller kan smertene vedvare i lang tid, eller komme og gå i periodar. Kiropraktoren vil då legge opp ei skreddersydd behandling for deg som gjer at du som pasient på best mulig måte lærer å leve med smertene. Kor mykje behandling du treng avgjer kiropraktoren i samråd med deg.

 

Kiropraktisk manipulasjonsbehandling

Kiropraktisk manipulasjonsbehandling, eller ofte kalt kiropraktisk justering, er eit særtrekk for kiropraktorar. Dette er ein behandlingsmetode som spesifikt og nøyaktig fokuserer på å betre funksjonen i eit ledd, ofte med ein karakteristisk lyd (knekk). Behandlinga har dokumentert effekt for ei rekke muskel- og skjelettplager, samt nokre typer hovudverk og svimmelheit. I svært få tilfelle kan du oppleve biverknadar som smerte, hovudverk, shovudverkit og kvalme etter manipulasjonsbehandling. Disse er som regel heilt ufarlege og går over etter kort tid. Kiropraktisk manipulasjonsbehandling vert sett på som ei trygg behandlingsform for muskel- og skjelettplager.

 

 

Bestill time

 

Akutt

 

Torvmyrane 11 B

6160 Hovdebygda

 

Opningstider:

08:00 - 16:00 (Kvardagar)