Behandling

 

Behandling

 

Kiropraktorar har spesialkompetanse på muskel- og skjelettlidelsar. Hos kiropraktoren får du stilt di diagnose på grunnlag av sjukehistore, klinisk undersøking og eventuelle billeddiagostiske undersøkingar. Behandlinga er kunnskapsbasert og inkluderer ulike manuelle grep og teknikkar, fysiske og kognitive øvelsar, samt informasjon og rettleiing. Her får du informasjon om kva du kan forvente når du oppsøker kiropraktor for dine muskel- og skjelettplager.

 

Sjukehistorie

Hos kiropraktoren din vil det bli tatt ei sjukehistorie der du med eigne ord forsøker å beskrive kva som plagar deg. Med utgangspunkt i dette vil kiropraktoren stille ein del utfyllande spørsmål for å få belyst relevante samanhengar og årsaksforhold. Det er ei rekke faktorar som kan spele inn på di generelle muskel- og skjeletthelse. Plagene kan ofte være sammensette og bestå av fysiske, psykiske og sosiale komponentar. Kiropraktoren kan derfor ha behov for å stille spørsmål som ikkje direkte relaterer til plagene du ønsker hjelp til.

 

Di sjukehistorie vil alltid være ein sentral del av den diagnostiske prosessen der informasjonen som blir gitt dannar eit bakteppe for den vidare undersøkinga. Det er derfor viktig at du som pasient forklarar deg på ein så presis og utfyllande måte som mulig om kva som er i vegen.

 

Sjukehistoria vertsnedskrioen i din journal som førast og vert oppbevart i henhold til taushetsplikta. Skulle du ønske det har du alltid krav på innsyn i din eigen journal.

 

Klinisk undersøking og diagnostisering

Sjukehistoria leier til ei klinisk undersøking av kroppen din der kiropraktoren vil forsøke å finne ein biologisk sammenheng mellom dine plager og informasjonen du gav innledningsvis.

 

Undersøkinga startar som regel med at kiropraktoren inspiserer kroppshaldning og -bygning, muskulatur og rørslemønster. Dette gjer kiropraktoren for å kartlegge funksjonen i ditt muskel- og skjelettsystem og for å identifisere mulige årsaker til dine symptom. 



 

Kiropraktoren nyttar palpasjon (undersøking med hendene) for å finne smertekjelder i ulike deler av kroppen din som senefester, muskulatur, ledd og skjelettstrukturar mm. Det er viktig at du som pasient seier i frå så nøyaktig som mulig kvar smerta sit og kva tid den inntreff. Dette gjev kiropraktoren din eit presist grunnlag for å fastslå kvar smertene kjem frå.

 

Ofte vil kiropraktoren supplere undersøkinga med ortopediske tester. Disse kan blant anna innebefatte passive og aktive rørsler for å finne ut kva som utløyser smertene. Nevrologiske undersøkingar av senerefleksar, kjenslesans og muskelstyrke vert nytta for å sjå om der er nedsett kjensle og/eller lammelser når det føreligg mistanke om nerveskade.

 

Etter den kliniske undersøkinga vurderer kiropraktoren om du har behov for røntgenundersøking eller andre supplerande undersøkingar før diagnosen kan stillast og eventuell behandling iverksettast. Er det mistanke om underliggande alvorleg sjukdom vil kiropraktoren din tilvise deg til spesialist eller fastlege for videre undersøkingar og oppfølging. 


 

Røntgen/MR/CT/Ultralyddiagnostikk

Har du behov for utredning med biletediagnostikk kan kiropraktoren din tilvise deg direkte uten at du treng å gå gjennom din fastlege.

 

Alle kiropraktorar er utdanna til å ta skjelettrøntgen og sjølv vurdere bileta. Mange har eige røntgenutstyr ved sin klinikk som er godkjent og underlagt offentlege forskrifter. Die seinere år har også ein del kiropraktorer tatt i bruk ultralyd som diagnostisk verktøy.



 

Kiropraktorar har også høve til å rekvirere meir avanserte undersøkingar som CT og MR ved røntgeninstitutt og sjukehus. Dette vert dekt av Folketrygda på same måte som ved tilvising frå lege. 







 

Behandling og forebygging

På bakgrunn av informasjonen du har gjeve i sjukehistoria, den kliniske undersøkinga og eventuelle billeddiagnostiske funn vil kiropraktoren stille ei diagnose og igangsette ei individuelt tilpassa behandling for deg. Behandlinga du får kan bestå av fleire element som informasjon og rådgjeving, manuell behandling, treningsøvingar og rehabilitering, samt tiltak og råd om førebygging. Målet med behandlinga er at du som pasient opplever smertelindring og auka funksjonsnivå på kort og lang sikt. I nokre tilfelle kan smertene vedvare i lang tid, eller kome og gå i perioder. Kiropraktoren vil då legge opp ei skreddersydd behandling for deg som gjer at du som pasient på best mulig måte lærer å leve med smertene. Kor mykje behandling du treng avgjer kiropraktoren i samråd med deg.

 

Kiropraktisk manipulasjonsbehandling

Kiropraktisk manipulasjonsbehandling, eller ofte kalt kiropraktisk justering, er eit særtrekk for kiropraktorar. Dette er ein behandlingsmetode som spesifikt og nøyaktig fokuserer på å betre funksjonen i eit ledd, ofte med ein karakteristisk lyd (knekk). Behandlinga har dokumentert effekt for ei rekke muskel- og skjelettplager, samt nokre typer hovudverk og svimmelheit. I svært få tilfelle kan du oppleve biverknadar som smerte, hovudverk, svimmelheit og kvalme etter manipulasjonsbehandling. Disse er som regel heilt ufarlege og går over etter kort tid. Kiropraktisk manipulasjonsbehandling er vurdert som trygg behandlingsform for muskel- og skjelettplager.

Bestill time

 

Akutt

 

Torvmyrane 11 B

6160 Hovdebygda

 

Opningstider:

08:00 - 16:00 (Kvardagar)